Kleopatra Bunadsaum
Hjå Kleopatra Bunadsaum syr me bunader frå fleire deler av landet. Me tilbyr blant anna bunader som Nordhordlandsbunadene, Masfjorden, Fana, Voss, Hardanger, Sogn og Sunnhordaland. Med sølv produsert på Voss hjå Sylvsmidja og ull frå Gudbrandsdalen Uldvarefabrikk og Tyrihans har me moglegheita å produsere plagg i god kvalitet. Me har sko av ulike sortar, sjal og hårband, oppbevaring til både bunad og sølv, med meir. Me har alt du treng til bunaden din i vår butikk.
Om du ikkje finn bunaden du ynskjer, kontakt oss gjerne for å høyre om me syr bunaden DU skal ha.
Veien til ny bunad
Me lager avtale til alle våre kunder for å kunne gje dei vår fulle oppmerksomhet og den beste servicen på reisa mot eigen bunad.
Når kunden kjem til oss for mål ynskjer me at dei skal forlate timen trygge og nøgd med val og service. Me set av ein time til kunden, som til sammen blir tre besøk hjå oss. Ein måltaking og to prøvinger, ein når bunaden er halvferdig og ein for å forsikre at den passer som den skal før levering. På måltaking får dei sjå og kjenne på ulike materialer og velje stoffer, bringeduk og belte og skape seg eit bilete av det ferdige produktet. Kunden får veiledning gjennom valga og det viktigaste hjå oss er at kunden skal bli nøgd med kvalitet og service, og ikkje minst den ferdige bunaden. Me ynskjer alltid å ha ein tett dialog med kunden gjennom tida hjå oss.


Vår historie
I nærmere 28 år har grunnleggjar og dagleg leiar Randi Sissel arbeida med bunader på Kleopatra Bunadsaum AS. Bedrifta har blomstra, og med Randi i spissen står den i dag som ein stolt produsent og distributør av Norges tradisjonelle plagg. Som Norges fest- og høgtidsdrakt ynskjer me på Kleopatra Bunadsaum å levere eit kvalitetshandtverk. Tidligere var bunad eit kvardagsplagg, med modifikasjonar for høgtid og fest. Dagens bunad er restaurerte folkedrakter, og det er gjerne fleire varianter av ein sort bunad. Ein brukar å ha tilhørighet til plassen ein har bunad ifrå og plagga går gjerne i arv gjennom generasjoner. Difor tilbyr me og omsaum og restaurering av bunader.