KVALITET – SERVICE – TRADISJON

Bunad er Noregs «nasjonaldrakt». Med ei innhaldsrik historie har drakta overlevd til i dag, og me i Kleopatra Bunadsaum er opptekne av å føra denne tradisjonen vidare. I 25 år har me sydd og levert dame-, herre- og barnebunader. Kleopatra Bunadsaum har og alt av tilbehør til bunaden din. Saman med våre leverandørar leverer me bunadsølv, sko, skjerf og selar. Me har stort fokus på å levere kvalitetshandverk og god service, og dette gjer me frå eit atelier i ein ombygd låve på Osteiredet.
(45 min. kjøring nord for Bergen).

Målet er at våre kundar skal få eit kvalitetsprodukt og samstundes ei god oppleving!

Meir om bunad

Basert på folkedrakter frå 1800-talet er bunaden eit «tradisjonelt norsk» plagg. Alle distrikta i Noreg har eigne variantar av bunaden. Likevel er det nokre kjenneteikn som nesten alle har til felles. For kvinner er det gjerne ein variant av skjorte, vest og stakk, forklede, bringeduk, belte og syljer. Dei mest vanlege kjenneteikna for ein herrebunad er skjorte, vest, bukse og jakke, sylje, sokkar og sokkeband.

Bunad Tilbehøyr

Les meir om dei ulike typane bunadene våre her. Les meir om tilbehøyret me kan levera her.

Kontakt oss

Me rår kundane våre å bestille time slik at me har god tid til deg.
Ring oss eller send ein e-post om du har spørsmål.

Du er hjarteleg velkomen til oss!