
Bunader fra Kleopatra Bunadsaum
Kleopatra Bunadsaum har lang røynsle med å sy og tilpassa dei fleste typar bunader frå Nordhordlandsbunad til Hardangerbunad. Dette gjeld ny bunad, arv og bruktkjøp.
Me er óg forhandlar for Solhjell, og i det høvet kan me levera mange ulike bunader frå heile landet. Me fylgjer kunden frå første mål til siste prøving og er svært opptekne av kunden si fulle oppleving og ferdig produkt.
Vanlegvis er det ein time til mål og to prøvingar før levering.
Service og kvalitet er øvst på lista vår. Vår lange erfaring kjem deg tilgode slik at du kan setje saman akkurat DIN spesielle bunad!
Bunader me syr
Me syr både dame- og herrebunader med ulike identitetar frå heile vestlandet. Dei bunadene me syr er:
- Nordhordlandsbunad
- Masfjordbunad
- Fanabunad
- Sognebunad
- Hardangerbunad
Samt andre bunader i samarbeid med Solhjell Bunader
Kva rolle spelar identiteten?
Me hjå Kleopatra Bunadsaum ser på identitet som svært viktig i eit slikt plagg og me gjer vårt beste for å spegle kundens identitet i bunaden. Når me syr ein bunad gjer me vårt beste til å innfri kunden sine ynskjer på best mogeleg måte. Vår jobb er å råde, ikkje bestemme. Dette gjev både oss og kunden spelerom for den beste opplevinga og eit identitetsrikt resultat.
Nordhordlandsbunad
Raud vest
Nordhordlandsbunad med raud vest, ofte kalla festbunad, er den mest utsmykka bunaden til Nordhordland. Kjenneteikna til nordhordlansbunad er den raude vesten med grønne krokakvareband, kvitt eller forgylt sølv og ofte sett med perlebringeduk og belte. Nokre vester er utsmykka med perlesnorer langs dei grøne banda. Den er akkompangjert med flatrokkestakk eller plissert stakk, den klassiske linskjorta med kvitsaum og eit vakkert linforkle i dobbel uttrekksaum. Dei siste åra har broderte hårband gjort entré i hårstilen, ellers er den ofte sett med roggeband til jenter.
Den raude Nordhordlandsbunad har tett relasjon med Hausbunaden. Hovedforskjellen er perlestolper rundt borene og band på tvers av skuldra.
Mørk vest
Nordhordlandsbunad med mørk vest, ofte kalla vinterbunad, er inspirert frå kvardagsklede. Den mørkeblå eller svarte drakta har raude eller burgunderraude band, oksidert sølv, flatrokkestakk eller plissert stakk og eit vevd ullforkle. Ullforkleet kjem i ulike mønster og farger, både i stripar og i åttebladsroser. Linskjorte med kvitsaum er tatt i bruk her. Bringeduken og beltet er brodert i ull. Dei siste åra har broderte hårband gjort entré i hårstilen, ellers er den ofte sett med roggeband til jenter.
Grøntrøye
Grøntrøyebunaden er nesten lik vinterbunaden i kontruksjonen. Den var rekonstruert i 1987 med delar tilbake til 1850. Bunaden får namnet frå den grøne trøya brukt under vesten. Den er utsmykt med roseband på vesten, brodert bringeduk, smalstripete vevd forkle og forkleband. Denne bunaden har ikkje borer på vesten. Ein har lygarar under trøya for å imitere ei skjorte. Ein tar i bruk flatrokkestakk med fløyelsband, gjerne med understakk. Sølvet er oksidert og hårband eller roggeband blir ofte tatt i bruk av jenter.
Masfjorden
Masfjorden har ein mørk bunad, anten blå eller svart. Den kan for eit utrent auge likna på Nordhordlandsbunad, men forskjellene er sentrale. Masfjordsbunaden har vevde ullband med innslag av raudt, blått eller grønt, både på vesten og på stakken, oksidert sølv og flotte vevde ullforkle med kryss i. Linskjorte med kvitsaum er tatt i bruk her. Stakken er breifolda.
Masfjorden har og ei Raudtrøyebunad. Denne vart rekonstruert i år 2000. Den tar utgangspunktet i Masfjordsbunaden, men utan borer. Beltet er erstatta med eit forkleband. Trøya er utsmykka med krokakvare og vesten har roseband. Forkleet er smalstripete. Den har lygar for å imitere ei skjorte. Det er eigne mønster til bringeduker og forkleband. Roggeband eller hårband blir tatt i bruk til begge bunadene.
Fana
Fanabunaden har breie silkeband, eit særeige snitt på vesten og perlebringeduk og belte, forgylt sølv, bomullskjorte med kvitsaum og eit lekkert bomullsforkle med heklekant nede og ei eller to innfellinger med heklebord. Perlesnorene er anten sølv, glass eller melkekvit. Vesten har mange ulike raudfarger, anten i klede eller brokade og stakken, anten svart eller blå, er ein klassisk flatrokkestakk med fløyelsband.

Foto: Gøril Sætre
Sogn
Sognebunaden er ein av bunadene med mest variasjon på vestlandet, i alle fall med fargene på vesten. Dei ulike vala med brokade kan endre heile bunadens uttrykk. Farge på vest og borden på stakken går hand i hand. Vesten har breide fløyelsband og maljer med trekksnor, og stakken er ein rykkt stakk med ullbord, inspirert av fjella og fjorder i Sogn. Skjorta er i bomull eller lin, med anten kvitsaum eller svartsaum og beltet er i fløyel. Forklea kjem i ulike kvalitetar og farger. Sogn har og eigne hårband i blå, raud eller grøn. Sølvet er oksidert og kan ha innslag av farga stein i. Veske er brukt med Sognebunaden og er ofte i samme stil som vesten.
Hardanger
Hardanger refereres ofte til som Noregs nasjonaldrakt. Bunaden har raud vest, som kan veljast i anten klede eller brokade. Den har óg ein lilla brokadevest, som er blitt rekonstruert av ein gammal vest funne på ein gard i Hardanger. Det er roseband på vesten, ofte akkompangjert med sølvband. Bringeduken kan være i perler eller i ull, saman med beltet. Bringeduken haldast på plass med borenåler i forgyly sølv. Resten av sølvet er og forgylt.
Stakken til Hardanger er anten breifolda og pressa heilt ned eller rykkt stakk med folder framme. Skjorta er i bomull med kvitsaum eller den klassiske hardangersaumen og forkleet er eit bomullsforkle med hardangersaum.
Kva forventar du av bunaden din?
Ein bunad skal passe godt og ikkje vere ubehageleg. Den skal være tilpassa eigaren og spegla kundens opphav og slekt. Likt eit plagg som skal vare generasjonar ut skal den vere av kvalitet og ha rom for regulering, både for å kunne eldast og for å tilpassast neste generasjon.
Omsying/Arv
Ein arvebunad er svært velkomen inn i våre hender slik at me kan tilpasse den til den nye eigar. Me møter fleire og fleire arvtakarar for bunader, gjerne frå besteforeldre, foreldre, tanter eller onkler, og nokon treng regulering eller omsying. Me er erfarne på desse felta og står gjerne disponible til å gjere bunaden perfekt til arvtakaren. Målet vårt er å ikkje måtte lage nye delar. Om det ikkje er nok sømrom vil me prøve å finne alternative løysinger. For dei som arvar bunad, gjer vi tilpassing på kvar enkelt plagg. Me oppmodar også kunden til å kjøpe ein oppbevaringspose der me broderer tidlegare og nåverande eigar sine namn og årstal for å bevara historia til bunaden. I samarbeid med gullsmedverkstad vert sølvet oppussa og framstår i ny glans!